Shqipëri
Hajastan
Österreich
Azərbaycan
Беларусь
Belgique/België
Bosna i Hercegovina
България
Hrvatska
Κύπρος/ Kıbrıs
Danmark
Eesti
Suomi
France
Македонија
Deutschland
Sakartwelo
Ελλάδα
Magyarország
Ísland
Éire
Israel
Italia
Latvija
Lietuva
Malta
Moldova
Nederland
Norge
Polska
 
Portugal
România
Россия
San Marino
Srbija
Slovensko
Slovenija
España
Sverige
Schweiz/Suisse
Türkiye
Україна
United Kingdom

Many thanks for each single vote! We hope you enjoyed the show!

Ein gong til, Lena!
Contact us
Share this on Facebook
Follow us on Twitter
Wikipedia

For om lag eitt år sidan sette ei gruppe MGP-tilhengjarar i gang ein internettkampanje til støtte for det tyske bidraget “Satellite”, som vart framført av den 18-år gamle nykomaren Lena. Som me veit, vann Lena konkurransen den gongen, og no er same gruppa eldsjeler i gang for å stø etterfylgjaren hennar, som har den vanskelege oppgåva å “hoppe etter” Lena og vinne folks hjarto. Men til vår store glede er etterfylgjaren til Lena ingen ringare enn... Lena sjølv!

Rett etter sigeren i Oslo føreslo rådgjevaren til Lena, Stefan Raab, at ho skulle “forsvare tittelen” under neste Melodi Grand Prix – noko som ingen har vågd på over 50 år. Til overrasking for mange gjekk Lena med på utfordringa, og den tyske MGP-nemnda sa seg samd. Då ho vart spurd om ho ikkje set omdømet sitt på spel dersom ho gjer det dårleg i den andre freistnaden, svara ho på typisk Lena-vis: “det er nett difor eg gjer det”.

Med det andre albumet sitt, Good News, viser Lena ei rekkje fornyande musikalske fasettar og nokre interessante sider av seg sjølv. Desse kjem i tillegg til det naturlege yndet som har vore varemerket hennar sidan scenedebuten. Lena framførde dei 12 nye songane under tre direktesendingar på tysk fjernsyn, der sjåarane fekk røyste på den songen dei ville skulle representere Tyskland i Melodi Grand Prix i Düsseldorf.

Taken By A Stranger, den intense og løyndomsfulle elektroniske poplåten som vann den nasjonale tevlinga, overraskar lydaren. I denne låta viser “Lovely Lena” ei fascinerande og gåtefull side av seg sjølv. På sett og vis kan denne songen sjåast på som det andre bidraget hennar til å fornye MGP.

For å få eit inntrykk av det stilistiske mangfaldet til Lena, ta deg gjerne tid til å sjå på desse tre videoane:

Taken By A Stranger – Tysk bidrag til MGP 2011
Push Forward – ein moderne ballade
Satellite a cappella version – eit prov på Lenas utvikling sidan 2010
  • Ver med og hjelp oss å stø Lena om att.
  • Røyst for ein frisk og moderne musikkstil i MGP.
  • Og viss du likar Lena like mykje som me gjer, send denne meldinga vidare til venene dine. Kvar einaste røyst tel!

Tusen takk til alle som stør Lena i årets Melodi Grand Prix!

Det viktigaste for meg er at mine kjære ikkje mistar meg og at eg ikkje mistar dei.
Når eg kjem inn i eit rom, har eg berre eitt ynske: å spreie glede.